Aasentunet i Ørsta

Publisert 30.06.2022Kultur, Møre og Romsdal, Museer |

Anslått lesetid:

På Aasentunet i Ørsta kan vi bli kjend med Ivar Aasen (1813-96). Her levde han sine første år, og her finn vi historia om korleis han utvikla nynorsken som skriftmål på 1800-tallet.

Ivar Aasen og hans tid

Vi er i Hovdebygda, omtrent midtvegs mellom Ørsta og Volda, der kor flyplassen ligg nede på flata parallelt med E39. Eit lite stykke opp i den sørvende skråninga finn vi Aasentunet. Det var her Ivar Aasen vart fødd i 1813 og vaks opp. Han mista tidleg mor si, og nokre år seinare faren. Det vart til tider smått med skulegang på guten, men han var lærevillig som få og nileste Bibelen og det han kunne kome over av litteratur. Heldigvis hadde Sivert Aarflot etablert sitt trykkeri ikkje langt unna, det første prenteverket på landsbygda i Noreg.

Så når den unge Ivar var 18 fekk han post som lærar. Han fortsette å lese og studere, og må ha hatt eit ualminneleg godt hovud. På denne tida var landet i ferd med å byggja seg opp etter dansketida. Vi fekk eit Storting som hegna om Grunnlova, vi fekk formannskapslover som knesette eit lokaldemokrati. Landet over fòr kunstnarar rundt med skisseblokkene sine og festa det rotnorske på papiret, som dei seinare kunne overføre til lerretet med maling og stilsikker penselføring. Det å utvikle landet skjedde også på landjorda med vegar, og i arkitekturen. Vernetanken om til dømes stavkyrkjene vaks fram, det same gjorde musea.

Men ein ting hang att etter dansketida. Alle formulerte seg skriftleg på dansk. Det var det som blei Ivar Aasen si livsgjerning, det å gi Noreg vårt eige skriftspråk.

Her er ein video om Aasen si oppvekst.

Aasentunet etter hans tid

Når vi kjem opp bakken til fots eller med bil, så ser vi tunet framfor oss. Aasentunet har framleis nokre av dei husa som stod der på Aasen si tid. Det er råd å høyre med museet om ei omvising. Det gjorde ikkje vi og sakna informasjonstavler. Derimot hadde vi stor glede av både utsikt og det minnesmerke som står på tunet. Det er ein svært høg bauta. På eine sida står det inngravert: «Ivar Aasen 1813-1896) Fram daa frendar. I fredlege kappstrid». Andre sida lyder: «Röyst av Norigs ungdom 1898». (Vi ser her døme på at dagens nynorsk har utvikla seg frå det landsmålet som gjaldt på den tida.)

Då eg såg dette monumentet over Aasen, kom eg til å tenkje på eit anna. Det står på grava hans i Vår Frelsers gravlund i Oslo, nærare bestemt i Æreslunden. Det er der Noreg har gravlagt sine aller fremste menn, og nokre kvinner.

Det var her på tunet at Aasen sine åndsfrendar hadde sine årvisse samlingar dei første åra etter Aasen si bortgang. Familien flytta ein bygning til staden i 1898 og let det bli det første Aasen-museet. Det gjer at tunet er det eldste personmuseet i Noreg og det språkmuseet i verda med lengst historie. I 1946 blei det ført opp ein steinbygning like ved med same formål.

Nokre opplevingar

I 2000, etter mange år iherdig innsats stod det ferdig eit flunkande nytt museumsbygg i betong og glas eit lite steinkast unna. Det var teikna av Sverre Fehn, ein av landets fremste arkitektar. Museet var no blitt noko langt meir enn eit Ivar Aasen-museum. Det er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Her finn vi sjølvsagt Aasen si store samling av bøker og gjenstandar etter han, men biblioteket og arkivet er fullt av skjønn- og faglitteratur på og om nynorsk, så vel som aviser og tidsskrift.

For oss som ikkje har spesielle ønsker om å bruke besøket til å forske på nynorsk, så får vi mykje meir i rikeleg monn. Her finn vi nemleg utstillingar om språk og kultur frå heile verda, vi får lese om kvifor vi har nynorsk skriftmål, og korleis dette norske skriftspråket har utvikla seg gjennom åra. Rett mange aha-opplevingar får vi, og mange til ettertanke. Utstillingane er flott lagt til rette for både små og store, og eit besøk kan gjerne starte med den 20 minutt lange videoen som gir oss bakgrunnen.

Så kan vi legge til at Aasentunet tilbyr fleire arrangement i løpet av året, at det har ein kiosk med nokre spenstige og kreative eigenutvikla produkt, og ein kafé med uvanleg god kaffi. Bygget er verdt å sjå i si eiga rett, og vi var berre strålande nøgde med vårt besøk.

Litt meir om Aasen, landsmål og nynorsk

Sjå denne videoen først. Den inngår i ein serie vi finn på YouTube, henta frå NRK, og delt opp i passe store stykkje.

Ivar Aasen si gjerning og metode var å dra ut på lange reiser landet over for å dokumentere og deretter systematisere det norske talemålet, dialektane. Han ga ut ordbøker og ein syntese av det munnlege språket i det nye skriftspråket som han kalla landsmål. Inn på 1900-talet endra det namn til nynorsk, og det tidlegare danske skriftspråket fekk namnet bokmål. Begge målformene har i hundreåret etter, og vil sikkert framover i tid òg, endra seg i takt med tida. Bokmål som skriftspråk har mest til felles med det vi gjerne høyrer munnleg som normalisert austnorsk. Det er det mange som taler, og vi høyrer det ofte. Nynorsk derimot er det ingen som taler, for det skulle vere og er eit skriftspråk, men basert på eit norsk opphav. Slik sett kan Sandalsand hugse korleis det høyrdest fælt oppstylta ut i gamle dagars Fjernsynsteater, då dei framførte stykke på nynorsk. Det verka ikkje naturleg.

På sett og vis er det ikkje heilt naturleg for Sandalsand å skrive denne artikkelen på nynorsk heller. Eg er flaska opp med å skrive bokmål, sjølv om dialekten min (Stavangersk) har svært mykje til felles med nynorsk skriftspråk. Slik er det med svært mange. Makta rår, i språket så vel som på andre område i samfunnet. Og makta sat i Oslo, der bokmålet var nærast synonymt med talemålet. Det er nok ei viktig forklaring på kvifor nynorsken aldri slo heilt igjennom som det dominerande skriftspråket i landet.

Konklusjon

Det var ikkje før på slutten av førre hundreåret at vi fekk høyre dialektar i kringkastinga anna enn som kuriøse innslag. Eg er gamal nok til å hugse kor merkeleg, ja nærast flaut det var å høyre mitt eige mål komme fram i rikskringkastinga av folk som skulle ytre seg seriøst om eit eller anna tema. I NRK var det ikkje før i dei siste få åra at det blei lov å lese nyhende på Dagsrevyen på dialekt. Sjølv i dag er det uvanleg.

At Ivar Aasen hadde ein god tanke, gjorde ein seriøs jobb og at ettertida har mykje å takke han for, det er det ingen tvil om. Ikkje minst får vi kunnskap om det, og sett det heile i perspektiv på Aasentunet i Ørsta. Eg vil rå alle til å besøke museet, og som sagt, det ligg rett ved E39.

Finn fram

Vi finn Aasentunet i Hovdebygda vis-a-vis Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Tunet ligg fint til oppe i skråninga med flott utsikt og gode tilhøve for parkering.

Les meir

For kunnskap om Ivar Aasen kan du lese oppslaget på Store norske leksikon. Forprosjektet for Ivar Aasen-senteret frå 1992 har mykje bra stoff både om planlegginga av museet/senteret, og ikkje minst om nynorsk skriftspråk (landsmål) i den store samanhengen.

Senteret held ope kvar dag mellom 10-17 om sommaren, nokre mindre elles i året. Finn meir informasjon om dette og anna på nettsida til Nynorsk kultursenter, dei som driv senteret. Der finn du òg stoff frå dei to andre sentera som dei driv, nemleg Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje.

Der har ikkje Sandalsand vore, men du vil til gjengjeld finne fleire artiklar frå både Ørsta, nabokommunen Volda, og frå Møre og Romsdal fylke. I tillegg vil du finne mange museum under hovudoppslaget Museer.

Aller sist, to kjente dikt av Ivar Aasen

Her er ein video som Aasentunet sjølv har laga. Det syner bilete frå eksteriøret, og vi høyrer songen «Nordmannen». Teksten til den kan du lese under.

Nordmannen

Ivar Aasen var først og fremst språkmann. Men han la òg etter seg eit anna forfattarskap, først og fremst lyrikk. Dette diktet er kjent som «Mellom bakkar og berg», og kom først ut i diktsamlinga Symra i 1863. I perioden fram til 1875 kom det fire versjonar til. Her er første versjon.

1. Millom Bakkar og Berg ut med Havet
hever Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv hever Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.


2. Og han vandest til Vaagnad og Møda,
der han laut vera herdig og sterk;
og han høyrer med Hugnad ei Røda
um stor Manndom og dugande Verk.


3. Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land.
7Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.


4. Naar han kom paa dei rikaste Leider,
saag han tidt, at han litet var kjend;
men han visste ein Vyrdnad og Heider,
som kan bu i den armaste Grend.


5. «Lat deim hava den Æra, dei kunna,
og sin Rikdom og Styrke dertil,
naar som berre dei meg vilja unna
at faa raada min Arv, som eg vil.»

Dei gamle fjelli

1. Dei gamle Fjell i Syningom
er altid eins at sjaa,
med same gamle Bryningom
og same Toppom paa.
I Bygdom byggja Sveinarne,
og Huset stender laust;
men dei gamle Merkesteinarne
dei standa lika traust.


2. Paa Fjellom er det leikande
at ganga til og staa
og kring um Toppen reikande
so vidt um Land at sjaa:
til Havet kring um Strenderna
med Skip som Fuglar smaa,
og til Fjelli kring um Grenderna
med tusund Bakkar blaa.


3. Der er so mange Hendingar
i Bygdom komne til;
me sjaa so mange Vendingar
alt paa eit litet Bil.
Dei hava snutt um Vollarne
og flutt og rudt og bygt;
men dei gode gamle Kollarne
dei standa lika trygt.


4. So stod dei gjenom Tiderna
vel mange tusund Aar;
og Graset voks um Liderna,
og Lauvet kom kvar Vaar;
og Vinden tok um Topparne
og Vatnet tok um Fot;
men dei gilde gamle Kropparne
dei toko traust i mot.


5. Av Hav kom Sjomann sigande
og lengtad’ etter Land,
daa saag han Fjelli stigande
og kjendest ved si Strand.
Daa kom det Mod i Gutarne,
som saag fin Fødestad.
Ja dei gode gamle Nutarne
dei gjera Hugen glad.

Hva mener du?

Hva synes du om dette innlegget og nettsiden? Er det noe du likte spesielt godt? Kan det være at Sandalsands opplysninger ikke er oppdaterte, og at andre lesere bør vite om det?

  1. Skriv en personlig epost til forfatteren.
  2. Besvar et anonymt spørreskjema.
  3. Del din respons med andre. For artikler som er nyere enn 180 dager vises et kommentarfelt nedenfor. Kommenter hva du vil og legg til ditt navn og epostadresse. Epostadressen din blir ikke vist til andre. Bruk et fiktivt navn om du ønsker.

0 kommentarer

Send inn en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Pin It on Pinterest

Share This